Lusterfjorden rundt
Telepensjonistande i Sogn og Fjordane på tur.
Om Lusterfjorden kan ein lese
«Lustrafjorden og Luster i Indre Sogn er et av de vakraste områda i Norge, der fjorden møter toppen av Norge med sine mange fjell og brear.»
Lustrafjorden er omtrent 40 kilometer lang og er den inste fjordarmen av den 204 kilometer lange Sognefjorden som ligger i midten av Vestlandet.
Det var dette området vi ville oppleve og sjå nærare på.
Turen starta i Førde onsdag 11 juni kl 0845 med 30 pensjonistar og vidare til Sogndal kom 10 nye kom på.
Det vart ein lang busstur, men i fin Vestlandsnatur med fjordar og fjell kor alt spirar og gror er bussturen ei oppleving i seg sjølv. En slik tur krev god planlegging, men været er alltid ein usikker faktor. Etter dagar og veker med regn og gråvær skein sola opp og var med oss på turen.
Første stopp var Solvorn. Her kom guiden vår Erling Bjørnetun, tidlegare kultursjef i Luster kommune med oss i bussen. Ingen kjenner vel kommunen betre enn Erling og han kunne fortelje om notid og fortid og livet i bygdene langs fjorden.
Solvorn er ei idyllisk bygd som ligger nede ved Lustrafjorden.
En typisk strandstad frå tida då fjorden var den viktigaste ferdselsvegen. I dag ligg nausta på rekke og rad og vitnar om ei svunnen tid frå da Solvorn var et viktig handelsstad med yrande liv både på Lustrafjorden og i bygda.
En fin måte å oppleve Urnes Stavkyrkje og den vakre naturen på, er å krysse Lustrafjorden frå Solvorn til Ornes med ferje.
På den vesle ferja har svært liten plass og bilane må lirkast og stuast for at alle som hadde bestilt plass kjem med.
Urnes Stavkyrkje er den eldste av dei gjenværande stavkyrkjene i Norge. Den vart saman med Bryggen i Bergen, den første norske staden som vart innskriven på lista over verdsarven vår i 1979. Stavkyrkja vart bygd rundt år 1130 og står på Ornes ved Lustrafjorden.
Her var det omvising både utanfor og inne i kyrkja.
I gamle dagar var det plassar etter rang, menn og kvinner på kvar si benkerad . Gamle og uføre skulle sitje på benkane langs ytterveggen. Dei «ureine» hadde sine plassar i kyrkja.
«Der ingen skulle tru at nokon kunne bu»
Mange hugsar kanskje denne TV-serien med Ben Werd frå London som på ein båttur på Lustrafjorden for nokre år sidan fekk han auge på en forfallen gard høgt oppe i fjellsida. Her på Kroken Gard høgt over Ornes og Lusterfjorden bygde Ben sitt livsverk og vart heile Norges yndling og kjendis.
Ben er tømrar og handtverkar, og forvandla garden som stod til forfall til å bli ei perle med en fantastisk utsikt over Lustrafjorden.
For å gjere ei lang historie kort, no bur han ikkje i London lenger, men på garden som han fekk auge på den båtturen.
Muntehuset – kunstnarsenteret på ytre Kroken
Munthehuset spelte ei sentral rolle i den nasjonale historia i første halvdel av 1800-talet. Huset i Luster var senter og møtestad for forskarar, geografar og kunstnarar frå Norden og heile Europa. Tidemand og Gude teikna mest sannsynleg skisser til Brudeferden i Hardanger i Lustrafjorden
På turen vidare innover Lusterfjorden kom vi til Feigum med Feigumfossen like ovafor bygda. Fossen er 229 meter høg og med ett loddrett fall på over 200 meter.
Fossen og elva gav grunnlaget for sagbruket frå 1700-talet og kvernhuset kor bøndene kom med kornet sitt for maling til mjøl.
Feigesagi Kafé er en idyllisk kafé nede ved fjorden på Feigum, den er åpen av og til i turistsesongen. På Feigum var det Kjell Feigum som var drivar og historieforteljar.
«Eg er svært oppteken av at borna mine og barneborn mine skal forstå korleis livet var tidlegare. Skulle dei ha en øks, måtte de smi ho. Skulle dei ha mjøl, måtte dei så korn, hauste og male. Det er ikkje som i dag der ein går på butikken og kjøper det ein vil. Det er så lett for ungdom å tru at alt var like enkelt i gamle dage» sier Kjell.
Skjolden – inst i Lusterfjorden
Klokka var no blitt ca 1630 og det var tid for middag på Skjolden Fjordstue.
Før middagen fortalte leiar, Turid Øiene litt om Skjolden og drifta av hotellet.
Deretter var det middag med gode kjøttkaker og kaffi
Turen tilbake til Sogndal gjekk på andre sida av fjorden og enda i Førde ca 2030.
Ein lang, men en svært vellukka tur !
Stor takk til turgruppa, guidane våre og alle bidrag til denne flotte turen.
Kristian