Årsmelding 2025
Telepensjonistlaget i Sogn og Fjordane.
Styret
Leiar: John Grønseth
Nestleiar: Kjartan Krognes
Kasserer: Norodd Stubhaug
Sekretær: Kristian Strømmen
Styremedlem: Bjørg Alme Johannesen, Sogndal
Vara til styret:
1. Varamedlem: Anders Aven
2. « : Ingunn Løvik
Revisor: Gerd Osland og Oliv Ottesen
Turnemnd: Anne Lise Hvidsten og Torodd Bruland
Valnemnd: Magne Naustdalsli (leiar), Helge Sagevik og Liv Hoff Langli (vara)
Medlemmar
I 2025 døde 3 av våre medlemmar, Halldis Ellingsen, Reidar Solheimsnes og Astrid Takle Øren.
Medlemstal pr 31.12.25 er 117 (31.12.2024 127)
Årsmøte
laget hadde årsmøte for 2024 tysdag 04 februar kl 1100 med 27 røysteføre.
Styremøter
Laget har hatt 7 styremøte i 2025
Medlemsmøter
I tillegg til årsmøtet Laget har hatt 6 medlemsmøte, alle i Førde.
Møte 04.03.2025: Val av utsendingar til Landsmøte 2025 23 -24 april på Quality Airport Hotell, Gardermoen. Frå oss deltek leiar og den nyvalde kasseraren Norodd Stubhaug.
Sak på årsmøtet for 2024 Styret går inn for å avslutte ordning med gåvekort og bårebukett .
Ordninga har vore god, men vanskeleg å følge opp og kan oppfattast som urettferdig – nokre får andre ikkje.
Mange av dei som går bort har også hatt andre arbeidsgjevarar etter at dei slutta i Televerket/Telenor..
Saka vart diskutert frå ulike vinklar på medlemsmøte i dag.. Laget sine midlar bør i størst mogeleg grad gå til felleskapet/medlemane og ikkje til enkeltpersonar. Laget vil då kunne bruke disse midlane til å redusere eigendelar ol.
Styret sitt forslag om at ordningane opphøyrar vart so vedteke.
Møte 01.04. 2025: Kristian viste bilde og fortalde frå turen til Cuba i 20t15. Litt historie forteljing om Columbus kom til Cuba i 1992, om indianarane, sukkerplantasjane, gruvene, slavane, kolonisering, Fidel Castro og revolusjonen.
Spennande land å reise til !
TUR 2025: Torodd Bruland orienterte frå turgruppa og deira forslag til tur.
Saman med Bjørg var det to forslag– Jostedalen eller Lusterfjorden rundt.
Etter orienteringa var det avstemming og då vart det Lusterfjorden.
Turen vil gå med buss frå Førde onsdag 11 juni.
Møte 06.05.2025: Tidlegare rektor i på sjukepleiarskulen Else Marie Halvorsen var invitert til møtet. Ho er ein kjend politikar, foredragshaldar og mykje brukt i debattar på lokalradioen.
Ho kalla kåseriet sitt «Best før, men ikkje dårleg etter» Morosamt og humørfylt om å bli gamal.
John orienterte frå Telepensjonistane sitt Landsmøte på Gardermoen Quality Hotel 23. – 24. april 2025 kor han og Norodd deltok.
Mykje diskusjon og gruppearbeid om korleis betre inntektene våre, verving av nye medlem og aktuelle saker landsstyret jobba med.
Juni 2025: På tur rundt Lusterfjorden 11.06.2025.Gå innpå heimesidene våre kan du lese og sjå bilde frå turen. Det var 30 deltakarar som kom på bussen i Førde og 10 nye i Sogndal. Ein svært vellukka tur og takk til turkomiteen, Bjørg og guiden Erling Bjørnetun.
Artikkel
Møte 02.09.2025: Bilde og oppsummering av turen rundt Lusterfjorden.. Sum kostnad for turen var kr 31778. Deltakarbetaling kr 27500 Differansen kr 4278 vart sponsa av laget. Info og vising av heimesida våre på nettet.
Møte 14.10.2025: Grunna VM i vektløfting i Førdehuset vart dette møte gjort om til Omvising på Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Det var museumspedagog Henrieette Bekjorden Hukset som viste dei 18 telepensjonistane rundt på museet. Omvisinga varte ca 45 min og deretter var det kaffi og kaker i kafeen. Veldig bra og bør gjentakast !
Møte 04.11.2025: Til dette medlemsmøte hadde vi fått Ole Stenbakk til å halde foredrag om hjelpearbeidet han utfører gjennom BuildAid. Ole Stenbakk er frå Florø og var tidlegare en stor og kjend entreprenør. Då han fylte 50 år( trur det var då) bestemt han seg for å avslutte som entreprenør og til bursdagsfeiringa ville han berre ha pengar som i heilheit skulle gå til en hjelpeorganisasjon. Hjelpearbeidet består i å bygge skoler, barneheimar, helsesenter mm rundt om i fattige land i Afrika, Asia og Haiti, Filippinene og mange andre stadar. For dette hjelpearbeidet er han utnemnd til riddar og skal møte kongen på slottet.
En fantastisk kar og spennande å høyre på !
Julelunsj: Førde torsdag 4 desember på Scandic hotell med 54 deltakarar, i Sogndal på Lægereid 05.12.25 med 19 deltakarar og i Nordfjord var 6 medlem samla på Havfruen restaurant i Måløy..
Laget sponsa alle medlem med kr 140,00
.
Økonomi
Bankbehaldning pr 31.12.2025; Kr 67 237 (31.12.2024: kr 72 718,90)
Eigenkapital pr 31.12.2025: kr 67 237
Regnskap og budsjett
Vert lagt fram på årsmøtet.
Førde 18.01.2026
Styreleder Sekretær Kasserer
John Grønseth Kristian Strømmen Norodd Stubhaug
Nestleiar Styremedlem
Kjartan Krognes Bjørg Alme Johannesen