Telepensjonistlaget
Sogn og Fjordane.
Protokoll frå
Årsmøte i Telepensjonistlaget tirsdag 03 februar 2026 kl 1100.
Møtestad: Førdehuset/Musikkrommet
Sak 1. Opning
Leiar for telepensjonistlaget i Sogn og Fjordane, John Grønseth ønskte dei frammøtte velkomne til årsmøtet. Forsamlinga minna 3 av våre medlem som var gått bort i 2025: Haldis Ellingsen, Reidar Solheimsnes og Astrid Takle med eit minutt stillheit. . Deretter vart årsmøtet sett.
Sak 2. Aktuelle saker
John refererte nokre sakar frå Landsstyremøte
- opplæring i Styreweb,
- Hovedinntekter – tilskot frå Telenor kr 635 000. støtte NAV kr 242,387, momskompensasjon kr 116 368 og kontingent frå lokalroreningene kr 145 050.
- lederkonferanse 2026 Airport Hotel Gardermoen 22-23 april
- medlemsverving
. Sak 3 - Namneopprop
Det var 20 røysteføre deltakarar.
Sak 4 – Godkjenning av innkalling og sakliste
Leiar refererte saklista. Ingen merknadar.
Sak 5 – Val av møtedirigent –referent –teljekomite samt to til å underskrive møteprotokoll.
Disse vart valde: Svein Eivind Solheim møtedirigent, Kristian, ref – Gerd Osland og Torodd Bruland teljekom/underskrift av protokollen.
Sak 6 – Årsmelding
Møtedirigent leste opp årsmeldinga for 2025 og kommenterte enkel punkt.
Laget har hatt 6 medlemsmøte og 7 styremøte. Alle i Førde
Tur Lusterfjorden rundt 11.06.25
Julelunsj i Førde, Sogndal og Nordfjord med tilsaman 66 deltakarar
Årsmelding - godkjent.
Sak 7 – Rekneskap
Kasserar Norodd Stubhaug gjekk gjennom rekneskapen for 2025 og budsjett for 2026.
Årsresultat viser eit underskot på kr 5482 og eigenkapital på kr 67237.
Han gjekk gjennom postane for inntekter og kostnader og kommenterte endring i føring av rekneskapen. Han viste også korleis pengane har vore brukt.
Rekneskap godkjent.
Sak 8 – Medlemskontingent
Ingen endring. Medlemskontingent kr 200.
Medlemskontingent - godkjent.
Sak 9 – Endring av vedtektene
Det var ikkje innkomme endringsforslag til gjeldande vedtekter.
Vedtekter - godkjent
Sak 10 – Innkomne forslag.
Dagunn Klakegg har kome med forslag om at Telepensjonistane må være med å bidra til at det «blir fleire tilbod» på Omsorgssenteret i Førde. Ref også Dagunn innlegg i Firda 29.01.2026.
Styret støttar Dagunn sitt forslag og oppfordrar våre medlemmar til å ta del i slike tilbod i sine lokale områder.
Sak 11 – Budsjett
Budsjettet for 2026 vart framlagt av kasserar med eit underskot på kr 3400 og teke til underretning. Ingen merknadar.
Sak 12 –Turopplegg
Torodd Bruland la fram forslag til tur for 2026. Sandane området er eit godt alternativ med. Holvikjekta og andre attraksjonar som er verdt å sjå . Turkomiteen jobbar vidare med saka.
Sak 13- Val
Formann i valnemnda Magne Naustdalsli presenterte forslaget..
|
|
|
| ||
| Val 2026 |
|
|
| |
| Namn | ||||
| Leiar | John Grønseth | På val | 1 år attval | |
| Nestleiar | Kjartan Krognes | På val | 2027 | |
| Kasserar | Norodd Stubhaug | På val | 2027 | |
| Sekretær | Kristian Strømmen | Attval | 2028 | |
| Styremedlem | Arild Feet | Ny | 2028 | |
| 1. varamedlem | Frank Eide | På val | 2027 | |
| 2. varamedlem | Ingunn Løvik | På val | 2027 | |
|
| ||||
| Revisor | Gerd Osland | På val | 2027 | |
| Revisor | Odd Helge Kvalheim | ny | 2027 | |
|
|
|
|
|
|
| Turnemnd | Torodd Bruland | På val | 2028 | |
| Turnemnd | Svein Jarle Johnsen | ny | 2028 | |
| Valnemnd | Svein Eivind Solheim | På val | 2027 | |
| Valnemnd | Håkon Årebrot | På val | 2028 | |
| Valnemnd vara | Knut Jan Mjåseth |
| På val | 2028 |
Valet vart gjort ved akklamasjon !
Svein Eivind kallar inn valnemnda.
SAK 14 – Avslutning
John takka alle for frammøtet og for eit godt gjennomført årsmøte.
Takk til dei som no går ut av nemndene etter valet og velkomne til nye som kom inn.
Så var det mat - som smakte godt !
Kristian (ref)
Godkjent:
Gerd Osland Torodd Bruland