Tur Holvikjekta og Sagastad

Publisert av Kristian Strømmen den 08.05.26.

Telepensjonistane inviterer til tur 11. Juni

Reisemål

Sandane

Holvikjekta med omvisning i hallen og forteljing om vår jektefart historie.

https://misf.no/holvikejekta

Vereide

Omvisning i Vereide kyrkje som er ei steinkyrkje med lang historie, Anders Rinde er guide

Her blir og matpause, kvar enkelt tek med niste.

Nordfjordeid

Besøk på Sagastad, vi får først ei orientering  i kafeen. Deretter går vi rundt i museet på eiga hand. Myklebustskipet er kopi av vårt største Vikingskip, 30 meter langt og med 48 roarar. Det er ov høvetil å sjå ein film som syner heile byggjeprosessen.

https://sagastad.no/

Deretter går vi til middag ca 1700 på Magnifikk med eige lokale,  meny er kjøttkaker, eplekake med is og kaffi.

Reiseplan
0845     Avreise Førde frå parkeringsplassen v/Festplassen

0930     Stopp Skei ved parkeringa til hotellet for å ta med dei frå Sogn.

Sogningane organiserer sjølve eigen transport til Skei.

Nordfjordingar som ynskjer å vere med på besøka til Holvikejekta og Vereide kyrkje, må sjølve ordne med transport til Sandane.

1030     Sandane Holvikjekta

1300:    Omvising Vereide Kyrkje.

1500:    Nordfjordeid og Sagastad

1700:    Middag Magnifikk i peisstova (gå avstand frå Sagastad

Påmelde må oppgi ev. allergi ift middagen

1830:    Avreise Nordfjordeid

2030:    Førde

Kva vil turen koste

Pris er inkludert, buss, billett/adgang og omvisning Holvikjekta billett og adgang orientering Sagastad, middag på Magnifikk.

Pris for medlem: kr 850,-

Pris for ikkje medlem kr. 1150,-

Den som ikkje ynskjer billett til Holvikjekta eller Sagastad får redusert turpris. Faktura vert sendt ut med betalingsfrist før avreise.

Ingen billett til Holvikjekta  gjev redusert pris med kr. 100,-

Ingen billett til Sagastad gjev redusert pris med kr. 200,-

Tilsammen kr. 300,- noko som gjeld både medlem og ikkje medlem.

Deltakarar frå Nordfjord betaler kr. 300,- pluss evt billett til Sagastad og Holvikjekta.

Påmelding Innan 28 mai 

Påmelding er til turleiar Torodd Bruland: 

Epost:   toro-bru@online.no  eller sms 91175156 

Viktig info i påmeldinga:

Namn og telefonnummer på medlem som vil vere med,

Namn og telefonnummer på ven/veninne som vil vere med.

Kva museum ein ikkje ynskjer billett til.

Eventuelle allergi ift middagen.

 Vi ser fram til å sjå mange på tur, her blir det høve til å treffe gamle kollegaer  både  frå Sunnfjord, Sogn og Nordfjord. Det blir mange stopp og god tid utenfor bussen til å dele dei gode samtalene.

På vegne av styret i Telepensjonistlaget Sogn og Fjordane  

Norodd Stubhaug

Kasserar