Endeleg tur igjen for telepensjonistane i Sogn og Fjordane – denne gongen til
indre Nordfjord og brearmane der.
9. juni, i strålande ver, starta bussen i Førde, der dei fleste deltakarane kom på, og på Skei kom nokre til om bord – totalt var me 34 forventningsfulle pensjonistar i bussen. Guide på turen var Jens Hogreinningen frå Lodalen, han steig på i Olden. Den første brearmen me skulle oppleva var Briksdalsbreen. Det var som å køyra ‘inn i eit postkort’ innover Oldedalen på smal veg langs Oldevatnet, grønkledde bøar i floraprakt, snø og bre omkransar fjella og sol frå blå himmel – kunne ikkje få det betre. Jens ausa av kunnskapen sin om landskapet me for igjennom, både om fortid og notid. Brelandskapet har som kjent trekt seg sterkt attande i vår tid, noko som tydeleg kom fram ved at brearmane no nesten ikkje er tilgjengelege, der dei trekker seg oppetter dalsida. Inne i Briksdalen vart det strekk på beina, sjå på naturen og nyta medbrakt lunsjpakke.
Turen gjekk så tilbake til Olden og neste dal stod for tur – Lodalen. Her var Jens ‘lommekjend’ og fortalde om livet i dalen – ja, til og med song om den prektige naturen og det den har å by på. Dei fleste av oss er kjende med rasa frå Ramnefjellet i 1905 og 1936, som utløyste kjempemessige flodbølgjer i Lovatnet, som feia med seg folk og busetnad i bygdene Nesdal og Bødal. 61 menneskje omkom i 1905 og 73 menneskje i 1936. Me stogga ved minnetavla som er reist, med namna på dei omkomne som ikkje vart funne. Jens hadde mange historiar å fortelja frå desse tragiske hendingane. Bjørg hadde funne ein skulestil (i Allkunne.no) skriven av Anders Bødal, som var den einaste på garden deira som overlevde hendinga i 1936, som 12-åring – ei gripande forteljing.
Inst i Lodalen kom me så til Kjenndalen og Kjenndalsstova. Der smakte det godt med auremiddag og kaffi. Etterpå køyrde me vidare innover mot Kjenndalsbreen og hadde ny stogg for å sjå denne også. Ifølgje Jens kjem det mellom 3 – 400 000 turistar til dette området i turistsesongen.
Så gjenstod returen. Jens takka av i Olden med nok ein song – ein flott og stolt ambassadør for Indre Nordfjord. Bussjåfør Løseth fortener all ros for god manøvrering av bussen på smale og kronglete vegar.
Oddlaug og John må også ha takk for vellukka og godt tilrettelagt tur!
Alt neste dag fekk me høyra om det store snøraset som hadde gått inst i dalen. Det kom i stor fart frå 1600 meters høgde. Her er det ingen busetnad, men raset tok med seg all vegetasjon og raserte vegen inn mot snuplassen. Ein bubil som var på veg innover, vart kasta 10 meter ut or vegbana av lufttrykket, og knuste deler låg strødd utover. Heldigvis gjekk det bra denne gongen, men det seier litt om kreftene som var i sving.