Tur til Værlandet-Bulandet 5 juni 2018

Telepensjonistane Sogn og Fjordane

Sommar avslutning og tur til Værlandet og Bulandet 05.06.2018

Turnemnda ved John og Oddlaug  hadde jobba godt og lenge med denne turen og sydd saman eit innhaldsrikt og  spennande  program. Det var tydeleg at dette var ein tur «alle» ville være med på. Pensjonistar frå heile fylke var invitert og då bussen køyrde frå Firda Billag kl 1000 var vi 40 deltakarar. Flott at så mange som 10 kom frå Sogndal og Lærdal !!

Turen mot Askvoll gikk via Dale og Helge synte seg som ein god guide med sine gode geografiske kunnskap !

Været var fint med blå himmel og blått hav, men på ferjeturen utover mot Værlandet kjente vi at også nordavinden vil være med oss på turen. Det vart derfor litt kaldt for dei som ikkje hadde kledd seg.
På Værlandet kom guiden Ruth Bakke på bussen og var med oss på heile turen der ute.

Første stopp var museet Engelbua kor vi fikk sjå og høyre om gamle fiskereiskap og demonstrert korleis ein egna line for fiske etter pigghå. På bua fikk vi også smaksprøvar av sild og poteter servert på fat av kamskjell.  Dette var ein enkel rett som ofte var brukt i tidlegare tider.

Deretter gikk turen vidare med besøk hos Landøy Steinindustri AS.
Her fekk vi verkeleg god informasjon av ei som hadde greie på stein – leiar Laila Landøy.
Steintypar, geologi, produksjon og produkt.

NORSK NATURSTEIN.

«Eit steinkast vest for Askvoll i Sogn og Fjordane, ligg Værlandet; eit lite øysamfunn tufta på kampånd og gjenstand for mektige naturkrefter. Øya er eit interessant og spesielt område av norsk geologi, så "steinrøysa neri´ bakken" er ikkje berre gråstein for vi som driv her ute. Det er heller eitt unikt naturprodukt med mange og ulike bruksområder. Vi bearbeider norsk naturstein som vi tek ut av eige brudd. Vi tilbyr kvalitet og eksklusivitet og set deg som kunde i sentrum for våre handlingar. Fleksibilitet gjev rom for dei fleste løysningar, tilpassa dine behov og ynskje.

I vår produksjon hjelper vi deg med det meste innan stein til interiør og eksteriør. Vår spesialitet er steintypen Black Beauty. Vil du ha noko utanom det vanlege i markedet, som er holdbart, slitesterkt og ikkje minst norsk, så er Black Beauty noko for deg. Vi leverer produkter ferdig tilskåret og polert til montering- etter mål. Det er like enkelt å montere stein som treverk til benkeplater, vindusbrett og liknande.

Rundtur på Bulandet med buss er ei stor oppleving i seg sjølv !! Smale og svingete vegar krev dyktige og tålmodige sjåførar -  heldigvis hadde vår sjåfør begge disse eigenskapane.

Vinden oppe på Utsiktshøgda tok godt og sjølv om  toppen ikkje var særlig høg, var utsikta upåklagelig. Vindmølle hadde nok gjort seg her ?

Så gikk turen tilbake til Værlandet og ferje til Askvoll. Guiden vår var ikkje berre god til  å fortelje,  ho kunne også syngje den dama. Jakob Sande var flittig gjest på Bulandet og rykte var at  inspirasjonen til «Simon i støa og katten» fikk han på eit besøk der ute.
Ho song derfor alle versa av den  dramatiske visa på bussen tilbake til Værlandet.
Stor takk til guiden !!

Middagen, steikt lyr på Askvoll Sjøbuer smakte godt. Her fikk vi også eit gledelig gjensyn med innehavar og tidligare kollega Svein Eivind Solheim.

Bussturen heim gikk  via Stongfjorden og tilbake i Førde ca kl 2000.

Takk til alle for ein framifrå kjekk og flott tur som vil bli huska lenge !!