Sommar avslutning og tur Kalvåg torsdag 13.06.2024.
Torsdag 13 juni var det klart for årets telepensjonist tur. Turen gjekk denne gongen til Kalvåg med avreise frå Førde med buss kl 0900. Turnemnda med Torodd og Anne-Lise hadde jobba lenge med den turen og lagt opp til ein innhaldsrik tur som dei 36 deltakarane var svært godt fornøgde med.
Turen gjekk utover mot Grov kor deltakarar frå Florø området kom med
Deretter mot Svelgen, Bortnen, Leirgulen, Rugsund, Rugsundøy, Skatestraumen, Grotlesanden, Liset og Knutholmen..
Torodd guida oss godt på turen. Han hadde detaljert kunskap om utbygginga av mobilstasjonane vi passerte på vegen.
God dekning med plassering av stasjonane høgt i vanskeleg terrenget og idriftsetting til avtalt tid, kunne være svært krevjande og utfordrande i alt slags vær året rundt. Slik stasjonane var plassert oppstod ofte problem med lynskadar og jording av anlegget.
Alle grunneigarane var heller ikkje like lette å ha med å gjere ………
Ved Magnhildskartunellen var det stoppa vi og fekk sjå og høyre historia om Guleslelttene Vindpark. I dette byggetrinnet er det sett på 47 monstermaster som ruvar god i terrenget. Dei er 158 meter høge med en rotordiameter på 136 meter og skal kunne dekke strømforbruket til 44000 husstandar.
Som kompensasjon for inngrepa i naturen er det tilrettelagt for turer til fots, på sykkel og skiløyper mm
Vindmøllene har påført mykje skade på fugl som held til og hekkar i området.
Vindmølleparkar er blitt ei handelsvare og vorte omsett 3 gonger sidan dei kom i drift i 2021. Det er no Eveny, tidlegare BKK som eig Vindmølleparken.
Neste stopp var etter Bortnetunellen kor Kristian fortale litt om Helleristingsfeltet på Vingen.
Feltet har meir en 2000 bilete innhogde eller skåre inn i fjellet. Dei fleste motiva viser motiv av hjortefigurar, men også av menneskjer og dyr.
Neste stopp var Gloføykje og Torodd fortalte om Hornelen som reiser seg 860 meter rett opp frå sjøen og er høgaste sjøklippe i Europa. Mange historier er knytta til dette fjellet med samlingsstad for hekser og skrømt året rundt, men spesielt om sommaren og rundt jonsok. I tillegg til dei to mest brukte vegane frå Hunskår og Berle kan ein no gå jarnvegen - Via Ferrata opp fjellsida.
Neste stopp var den fantastisk fine kvite Grotlesanden. Dessverre var det ikkje temperatur for bading, men utsikta utover havet og opp mot Dagsturhytta var god.
På ein litt smal og kronglete veg kom vi fram til Liset i Kalvåg. Her var det meir flott utsikt ut mot storhavet og øyane utanfor Florø. Snuplassen for bussen kunne vore nokre centimeter større, men sjåføren snudde på femøringen til stor applaus …..
Så vart det Knutholmen, med god fiskesuppe, dessert og kaffi.
Under middagen underheld «ganle» Fosse med historieforteljing om Kalvåg og folket som budde der. Ein fantastisk morosam fyr som har fått til mykje på heimstaden sin.
Fleire av deltakarane nytta høve til å sjå Torsheim Galleriet som er plassert i nærleiken.
På heimreisa var det stemning for å køyre gjennom «Berleporten» og ein snartur til Berle.
Takk til alle deltakarane og STOR takk til turnemnda som hadde lagt opp til og organisert turen !
Ref Kristian