Telepensjonistane i Sogn og Fjordane.
Medlemsmøte Sogndal 17.10.24 kl 1200 på Restauranthuset Malin
Til stades frå styret: : John, Bjørg Kjell og Kristian
Fråvær: Kjartan,
Sak 1: Digital svindel på nettet
Til dette foredraget hadde vi fått med Iselin Sunde frå Sparebanken Sogn og Fjordane til å orientere om metodar som vert nytta ved svindel. Iselin jobbar med dette tema i banken.
Digital svindel er blitt eit stort samfunnsproblem og kriminelle prøvar å finansiere si virksomhet ved å svindle deg og meg. Heldigvis er det slik at bankane i stor grad erstattar tap kundar har hatt ved svindel, MEN pass på !!!
Felles for metodane som vert nytta går ut på å lure frå deg opplysningar slik at svindlaren kan få tilgang til pengane dine i banken.
Iselin gjekk gjennom dei mest brukte metodane slik vi kjenner dei i dag
Svindel kan komme via SMS eller e-post (phishing)
Du mottek då ei tekstmelding eller e-post frå nokon som utgjer seg for å være frå banken din, Skatteetaten, BankID eller andre kjende selskap.
Du kan tru at dette er verkelege meldingar, men det er forsøk på å gi frå deg sensitive opplysningar som seinare kan misbrukast.
En anna metode er sokalla – OLGA svindel.
Denne svindel er målretta mot eldre og svindlaren kartlegg namn som tidlegare var populære, derav namnet OLGA.
Svindlaren utgjer seg for å være frå banken eller politiet. Dei opplyser om at det er tatt opp lån eller at det er oppdaga mistenkjeleg aktivitet på konto og kunden blir lurt til å gi frå seg bankopplysningar. Deretter logga svindlar seg inn i kunden sin nettbank og overfører pengar.
Investeringssvindel kor kunden vert kontakta av eit selskap ofte lokalisert i utlandet og tilbyr mogelegheiter for investering i selskap med høg avkastning. Styr unna !!
Kjærleiksvindel kor offeret vert kontakta på internett og svindlaren brukar tid på å bygge opp tillit. Snart kan det komme spørsmål om pengar til reise for besøk som plutseleg vert utsett grunna sjukdom i familien og deretter spørsmål om pengar til medisin …………….
Lær selvforsvar mot svindel - Svindel.no
Dette var nokre om metodane som vart nytta, men kreativiteten på området er stort !!
John overrekte blomster som takk for eit godt og nyttig foredrag !!
Sak 2: Nytt frå Landsstyret v/John
Litt frå Landstyret sitt styremøte 17.09:
Ny hjemmeside basert på Styreweb fungerer bra. Det er lansert en statistikkfunksjon slik at man oversikt på antall besøkende og visninger. Fra oppstart til nå var det 7438 besøkende og 30.149 visninger på den sentrale websiden. Denne funksjonen kan også lokalforeningene få tilgang til.
Status medlemstall: 3014 medlemmer.
Sako-konferansen blir 30. oktober. (Fellesorganisasjon for statsansatte)
Bl.a andre interessante saker, nevnes spesielt samordningsfella og fripoliser.
(Fripoliser, sjå Telepensjonisten 1/23 side 5 og webseminar om fripoliser)
Landsmøtet i 2025 er fastsatt til 23. - 24. april. Sted: Q. airport hotell på Gardermoen.
Vervekonkurransen - hvert år fra 1. mai - 1. april.
Telepensjonisten ber som vanlig om tekstlig/billedlige bilag fra telepensjonistene. Dette bladet er faktis 51 år i dag. Tida går! 😊
Sak 3 Økonomien i laget
Kjekk orienterte om status for økonomien. Tildelingane frå Telenor går stadig nedover og vi må derfor tære kreative på korleis vi brukar pengane. Julelunsj og tilskot ved reiser vil likevel bli prioritert.
Sak Ymse
Det var svært godt frammøte av medlemar til møtet Av totalt 46 medlem i området var 17 tilstades ): 38 % - BRA !!
Etter møtet var det god lunsj servert av Malin restauranten.
Stor takk til Bjørg for alt arbeidet ho hadde i samband med dette møtet !!
Kristian ref