Telepensjonistlaget
Sogn og Fjordane.
Protokoll frå
Årsmøte i Telepensjonistlaget tirsdag 04 februar 2025 kl 1100.
Møtestad: Førdehuset/Utstillingssalen.
Sak 1. Opning
Leiar for telepensjonistlaget i Sogn og Fjordane, John Grønseth ønskte dei frammøtte velkomne til årsmøtet. Forsamlinga minna Gunnar Haveland som var gått bort i2024 med eit minutt stillheit. . Deretter vart årsmøtet satt.
Sak 2. Aktuelle saker
John refererte nokre sakar frå Landsstyremøte tysdag 21.01.2025
Momskompensasjon er mottatt på linje med det det var søkt om og vidaresendt lokalforeiningane.
Landsmøtedato 2025 er fastset til 23.-24.april på Quality Airport Hotel Gardermoen,
Sak 3 - Namneopprop
Det var 27 røysteføre deltakarar.
Sak 4 – Godkjenning av innkalling og sakliste
Leiar refererte saklista. Ingen merknadar.
Sak 5 – Val av møtedirigent –referent –teljekomite samt to til å underskrive møteprotokoll.
Disse vart valde: Harald Runde, møtedirigent, Kristian, ref – Johanne Barstad og Oliv Ottesen teljekom/underskrift av protokollen.
Sak 6 – Årsmelding
John leste opp årsmeldinga for 2024 og kommenterte enkel punkt.
Laget har hatt 5 medlemsmøte – 4 i Førde og 1 i Sogndal i tillegg til 6 styremøte.
Tur til Kalvåg med buss frå Førde 13.06.2024 med 36 deltakarar
Julelunsj i Førde, Sogndal og Nordfjord.
Årsmelding - godkjent.
Sak 7 – Rekneskap
Under arbeid. Årsmøtet gav styret fullmakt til å godkjenne rekneskapen når den er klar. Vert deretter lagt fram på medlemsmøte.
Bankbehaldning pr 31.12.2024 kr 72.718.90
Sak 8 – Medlemskontingent
Ingen endring. Medlemskontingent kr 200.
Medlemskontingent - godkjent.
Sak 9 – Endring av vedtektene
Det var ikkje innkomme endringsforslag til gjeldande vedtekter.
Vedtekter - godkjent
Sak 10 – Innkomne forslag.
Frå styret:
* Ingen endring i medlemskontingenten på kr 200.
* Ingen endring i honorar til styret.
* Styret får fullmakt til å vurdere og evt endre noværande ordning med gåvekort til jubilantar og bårebukett ved dødsfall.
Forslag – godkjent.
Mange meinte gåvekort til jubilantar kunne endrast, men ville behald bårebukett.
Sak 11 – Budsjett
Budsjett under arbeid: Sjå rekneskap.
Sak 12 –Turopplegg
Diskusjon om aktuelle turar.
Stemning for felles turar med buss. Må kanskje auke eigenandel grunna kostnadar.
Skifte mellom turar til Sogn området og Sunnfjord/Nordfjord.
Mange gode forslag framkom og tur nemnda jobbar med saka.
Sak 13- Val
Formann i valnemnda Magne Naustdalsli presenterte forslaget..
|
|
| ||
Val 2025 |
|
|
| |
Namn | ||||
Leiar | John Grønseth | På val | 1 år attval | |
Nestleiar | Kjartan Krognes | Attval | 2027 | |
Kasserar | Norodd Stubhaug | ny | 2027 | |
Sekretær | Kristian Strømmen | På val | 2026 | |
Styremedlem | Bjørg Alme Johannesen | På val | 2026 | |
1. varamedlem | Frank Eide | Ny | 2027 | |
2. varamedlem | Ingunn Løvik | Attval | 2027 | |
| ||||
Revisor | Gerd Osland | Attval | 2027 | |
Revisor | Oliv Ottesen (ny) | På val | 2026 | |
|
|
|
|
|
Turnemnd | Torodd Bruland | På val | 2026 | |
Turnemnd | Anne-Lise Hvidsten | På val | 2026 | |
Valnemnd | Magne Naustdalslid | På val | 2026 (1 år) | |
Valnemnd | Helge Sagevik | På val | 2026 | |
Valnemnd vara | Liv Hoff Langli |
| På val | 2026 |
Valet vart gjort ved akklamasjon !
Magne Naustdalslid kallar inn valnemnda.
Ny kasserar må snarast få tilgang til bankkonto og StyreWeb. (John)
SAK 14 – Avslutning
John takka alle for frammøtet og for eit godt gjennomført årsmøte. Stor takk til Kjell Hjelm som har vore kasserar og halde styr på økonomien i laget heile 8 år. Takk også til Helga Kjøsnes som i 2 år har hatt jobben med gåvekort og merksam ved gravferd. Begge fekk overrekt blomster av John.
Takk også til dei som no går ut av nemndene etter valet og velkomne til nye som kom inn.
Så var det middag – kjøttkaker, dessert og kaffi - som smakte godt !
Kristian (ref)
Godkjent:
Johanna Barstad Oliv Ottesen