Telepensjonistane i Sogn og Fjordane.
Medlemsmøte 04.03.2025 Musikkrommet, Førdehuset
Til stades: John, Norodd, Kristian
Fråvær: Kjartan
Kopi av møteref. til Bjørg
Sak 1: Opning
John ynskjte dei 19 frammøtte velkomen.
Sal 1: John refererte frå Protokoll frå landsstyremøte 18.02.25,
Landsmøte 2025 er fastsett til 23 -24 april på Quality Airport Hotell, Gardermoen.
John er påmeldt frå oss og i tillegg kan vi, ut frå medlemstalet sende en til.
Norodd, den nye kasseraren er foreslått som deltakar nr 2.
Husk påmelding innan fristen! (John/Norodd)
Andre aktuelle saker frå protokollen var Høringsrapport Postutvalet og Tannhelse.
Tore Haugland oversender innspel til Pensjonistforbundet til begge rapportane.
Sak 2: Økonomi-rekneskap 2024, budsjett 2025 og status behaldning (ibanken)
Norodd gjekk gjennom rapportane og kommenterte postane.
Rekneskapen for 2024 vart godkjent. Budsjett til info, behaldning til info.
Rapportane blir med møtereferatet til styret.
Status økonomisk bør være fast post på medlemsmøter.
Medlemstal: 129.
Sak 3: Frå årsmøtet 2025 - Sak 10 – innkomne forslag - frå styret
Styret får fullmakt til å vurdere og evt endre noverande ordning med
gåvekort til jubilantar og bårebukett ved dødsfall
Frå styremøte 20.02.2025
Dagens ordning med gåvekort i samband med bursdagar er kostbar, krevjande å administrere og kan være vanskeleg å bruke. I år ville denne ordninga kosta oss ca kr 9000 ut frå tal jubilantar.
Bårebukett kostar i dag ca kr 1000 pr stk. Vanskeleg å følgje opp og det kan dermed lett bli oppfatta som urettferdig – nokre får andre ikkje. Mange av dei som går bort har også hatt andre arbeidsgjevarar etter at dei slutta i Televerket/Telenor.
Styret går inn for å avslutte ordning med gåvekort og bårebukett.
Saka vart diskutert frå ulike vinklar på medlemsmøte i dag.. Laget sine midlar bør i størst mogeleg grad gå til felleskapet/medlemane og ikkje til enkeltpersonar. Laget vil då kunne bruke disse midlane til å redusere eigendelar ol.
Styret sitt forslag om at ordningane opphøyrar vart so vedteke.
Sak 4: Laget sine aktivitetar – turar mm.
Turkomiteen med Torodd og Anne-Lise var med på møtet.
Årets tur bør gå til sogn-området og Torodd hadde sjekka fleire alt.
Anne- Lise tek kontakt med Bjørg for forslag.
Takk for godt møte !/Kristian (ref)