Tur Lustrafjorden rundt onsdag 11.06.2025

Publisert av Kristian Strømmen den 16.05.25.

   Telepensjonistane i Sogn og Fjordane, 15.05.2025

  Invitasjon  til turen  Lustrafjorden rundt onsdag 11. juni 2025

 Turen til Telepensjonislaget vil i år gå til Luster.  Vi legg til rette for at ein kan delta på turen både frå Sogn, Nordfjord og  Sunnfjord. Dermed blir dette eit  høve til å treffe kollegaer og vener frå heile det gamle «Teleområdet»

 Bussen vil starte i Førde, og ein går på bussen etter denne plana:

 

  • 0845 Avreise Førde frå parkeringsplassen v/Festplassen
  • 0945 Stopp Skei ved parkeringa til hotellet,  på stigning for Nordfjordingar.
  • 1040 Stopp Sogndal ved rutebilstasjonen, på stigning for Sogningar

Turen går først til Solvorn der vil tidlegare kultursjef i Luster Erling Bjørnetun kome om bord og vere guide på turen. Også styremedlem Bjørg Alme Johannessen frå Sogndal  er godt kjend i  Luster og med kulturminna vi skal vitje.

Det er lagt opp til kun eit felles måltid, og det er middagen kl. 16.00 i Skjolden. Vi oppfordrar alle til å ha med niste, drikke  og godteri til ein lang dag.  Det er lagt opp til ei rekke stopp langs Lustrafjorden, slik at  vi kan ta del i det vakre fjordlandskapet og kulturminna vi skal vitje.

Solvorn

Første stopp er idylliske Solvorn, her har vi om lag ein time til rådvelde.  Arne Kvalen tek oss med på ei vandring  blant dei sjarmerande og  velhalde husa og  fortel om bygda og historia til Solvorn.

Båttur Solvorn – Ornes kl 1200 - 1220

Ornes

Urnes Stavkyrkje står på Unesco si verdsarvliste og er eit av dei mest verdfulle kulturminna i landet. Det er den eldste stavkyrkja i verda, bygd i 1130. Det er avtalt omvisning  1240. med Ingebjørg Njøs Storvik. Det er berre 25 stk pr omvisning og maks 1 bussgruppe i timen, så det betyr at det er berre 25 av oss som får vitje kyrkja inne. Dei som melder seg på tur, må skrive om dei ynskjer omvising. Blir det fleire enn 25 stk, vil det bli «først til mølla» ved påmelding. Omvisning kostar kr. 110 pr stk.
Avreise frå Ornes 1345. Det er 30 km til Skjolden (ca 40 min med buss) og det vil bli 4 stopp på vegen før vi er framme i Skjolden til middag 1630.

 Feigesagi 

Feigum kulturstad er den gamle garden Feigesagi under Feigumfossen, som og er Norges  andre høgste fossefall.  Dette er Luster kommune sin første industristad, med sagverk og smie frå 1600 talet. Her blir det stopp og omvisning og her er kiosk/kafe

 Munthehuset og  Kroken gard

Kort stopp  der Bjørnetun fortel litt om historia om det gamle adelssete og storgarden frå mellomalderen. Huset spelte ei sentral rolle i den  nasjonale historia første del av 1800 talet. Møtestad for forskarar, og kultureliten undernasjonalromantikken.

Lerum Museum Sørheim

 Stopp og orientering om  dette som er starten på Lerum si historie frå 1907.

Wittgenstein hytta, orientering ved Bjørnetun

Skjolden

Det blir middag på Fjordstova kl 1630.Buffet/Middag: Kjøttkaker, med poteter, kålstuing, gulrot, tyttebær, brun saus og kaffi som inngår i turpris.

Turid Øiene dagleg leiar vil ha eit innslag før middagen og fortelje litt om Skjolden og  Fjordstova

Avreise frå Skjolden blir kl. 1745 på heimvegen er det aktuelt med stopp ved Dale kyrkje frå 1200-talet  og å svinge innom Marifjøra.

            Til Sogndal 1845

            Til Skei 1945

            Til Førde 2030

Endeleg pris blir ikkje klar før vi veit meir om påmelding, men førebels anslag er kr. 650,- for medlem og kr. 850,- for andre.

Påmelding til Torodd Bruland

Epost: toro-bru@online.no eller SMS: 91175156

Vi treng følgjande med svarfrist 24 mai ( om det skulle bli fullt gjeld prinsippet først til mølla):

  • Namn og telefonnummer på medlem som vil vere med
  • Namn og telefonnummer på ven/veninne som vil vere med
  • Ynskje om billett til Urnes stavkyrkje

 

Spørsmål kan rettast til Torodd eller styremedlemmane

 Kristian Strømmen  91331365, Norodd Stubhaug 90020588, Bjørg Alme Johannessen