NOTAT frå medlemsmøte i Telepensjonistane i Sogn og Fjordane
 6. mai 2025 i Førdehuset.
 
 Det møtte 28 personer til møtet i Utstillingssalen i Førdehuset.
 Frå styret:
 John Grønseth, styreleiar, Kjartan Krognes, nestleiar,
 Norodd Stubaug, kasserar.  
Styreleiar ønska alle velkomen til møtet, som starta med
 å helse Eva Marie Halvorsen velkommen. Ho er ei viden kjend 
 helseleiar, politikar, foredragshaldar og er mykje brukt i lokalradioen 
 i Sogn og Fjordane.
Ho hadde eit veldig fint, innsiktsfullt og ikkje minst humørfylt
 kåseri, med et skråblikk på det å bli gamal. Ho kallar
 kåseriet sitt «Best før, men ikke dårlig etter» En fin blanding av 
 seriøse  og også morsamme betraktningar om livet for oss pensjonistar.
 
 Neste post på programmet var turnemda sitt forslag til bussturen som
 er sett til 11. juni. Denne går frå Førde til Luster i Sogn. Der tek vi turen
 rundt Lustrafjorden, og skal innom dei fleste «turiststadane», med Solvorn, 
 og Urnes stavkyrkje som høgdepunkt. Middagen vert i Skjolden. Meir 
 detaljar vert å finne i programmet som sendes ut i samband med 
 turinvitasjonen som sendes ut i god tid før turen. 
 
 Torodd Bruland hadde ein detaljert 
 og  god beskrivelse av turen. Vi må ha minst 30 personar for å kunne forsvare
 sponsing etc. for bussturen. Kostnad for medlemane vil nok verte maks
 650 kr, og ca. 850 for ikkjemedlemmar. Fasit får vi når antall passasjerer er klart.
 Takk til turnemda; Torodd Bruland, og Anne Marie , og ikkje minst 
 styremedlem Bjørg Alme Johannessen som også bidrog i stort monn
Siste post på programmet var en orientering til medlemmane om deltakinga vår på
 Telepensjonistane sitt Landsmøte på Gardermoen Quality Hotel 23. – 24. april.
 Det var underteikna og kasserar Norodd Stubhaug som deltok som delegatar frå
 lokallaget i Sogn og Fjordane. 
Dag 1 besto av gruppeoppgaver der vi diskuterte korleis vi kunne bli betre på så 
 vel utgiftsida som inntektssida. Vi skulle komme med til dømes forslag til betre for 
 å vere med i pensjonistlaga våre. Det var også en del andre oppgåver vi hadde. 
 Slike gruppeoppgaver er veldig bra for oss, for vi knytte kontaktar og også møter 
 gamle kollega frå andre deler av landet.  Om kvelden var det god middag og 
 spesiell underhaldning med en ukjent kar med kassegitar som song gamle viser 
 med ny og veldig gode tekster. Han kalte seg «Sluken», og kan finnes på Spotify
Dag 2 besto av et som vanlig godt innlegg av Pensjonistforeningens leder Jan Davidsen. 
 Han gjekk gjennom status for pensjonistoppgjøret, og kom og innom fripolisar og 
 korleis vi har blitt snytt for millioner over tid frå diverse forsikringsselskap.
takka av. Spesielt Hovudkasserar Finn Egil Elster og IT ansvarleg Einar Nymoen,
mangeårige «klipper» sentralt. Heidi Liv Kvenevik er ny hovudkasserar.
Referent: John Grønseth
 
                 
                         
                        