Tur til Sandane og Nordfjordeid 11.06.2026

Publisert av Kristian Strømmen den 15.06.26. Oppdatert 20.06.26.

Teletur 11.06.2026 til

Sandane, Vereide og Nordfjordeid

Ei stor utfordring når telepensjonistane i Sogn og Fjordane skal ut på tur, er å finne reisemål som kan samle flest mogeleg til ein felles tur.

Turkomiteen vår hadde også denne gongen gjort en svært god jobb og årets teletur gjekk til vakre Nordfjord. På Sandane skulle vi sjå nærmare på Holvikejekta, Vereide kyrkje og på Nordfjordeid
Sagastaden og Vikingskipet.

Turen starta frå Festplassen i Førde kl 0845 med 27 deltakarar, 5 i frå Sogn kom på bussen på Skei. Deltakarar frå Nordfjord, 5 stk kom med frå Sandane. Samla var i da 37 pensjonistar med på turen.
Turen var sjølvsagt planlagt med godt og fin ver, men vestlendingar må tar det veret en får og være «godt» nøgde med det.

Mange av dei som var med i bussen hadde vore med på oppbygginga av telenettet i samband med automatisering av teleområdet på 1970-80 talet. Dette var linjekursar langs vegen, telekioskar for sentralar og mobil, utstyr for radiolinjer, radio  og tv.  Mange minner frå den tida dukka opp, mimring,  kjekt å tenke tilbake på og prate om.
Den teknologiske utvikling har gått vidare og mykje, det mest, av det vi kopla opp, er no kopla ned og erstatta med moderne digitalt tele utstyr på alle område..

Holevikjekta
har sin heim på Nordfjord Folkemuseum på Sandane.
Jekta var bygd av lokale båtbyggjarar på Sandane omkring år 1880. Ho var 20 meter lang og vel 8 meter brei, var klinkbygd, og var utan dekke. Jekta hadde ei mast som var 26,5 meter høg og segl på ca 270 m2. Bak  på jekta var det rom med overbygg for mannskapet kor dei kunne lage mat og sove når dei hadde fri.

Holvikjekta var brukt til å frakte ved og trelast til Bergen.
Jekta kunne  laste om lag 120 famne med kløyvd ved. i tillegg til  jordbruksvarer og andre heimelaga produkt. To-tre turar vil Bergen  kvart år var vanleg og mannskap på fem til seks mann. 

I Bergen vart varene selde og ting dei trong heime vart handla inn, Dette kunne være mjøl, sukker salt, og slipesteinar mm. Brennevin og klede vart også handla i Bergen. 

Siste tur til  Bergen var ei last med telefonstolpar i 1906. Det var og siste året Holevikjekta var sjøsett.
En må beundre og la seg imponere av å sjå denne jekta. Tenk kva kunnskap og teknikk disse dugande båtbyggjarane måtte ha, heilt frå veljing  av materiale i skogen til spant og kledning til flytande  sjøgåande skute på havet.
Det vi fekk høyre og sjå gav oss eit godt tilbakeblikk på korleis folk i fjordane og langs kysten livnærde seg for  150  år sidan.

Benoni og Rosa - NRK TV

NRK har filmatisert Knut Hamsunds kjende roman Benoni og Rosa.
NRK Fjernsyn sendte denne serien første gong i 1975 og var ei storsatsing av NRK.
Her er det jekter, men også dramatikk, kjærleik og sjalusi mm

 

 

 

Vereide  kyrkje var neste på programmet.
Vereide kyrkje var den største midelalder kyrkja i Sogn og Fjordane og hadde
460 sitjeplassar.  Guiden fortalde historia om kyrkja og om dei endringane som var gjort opp gjennom åra. Ei fin og staseleg kyrkje kor ein av deltakarane på turen var blitt vigsla i.

Etter Vereide var det ferje over fjorden til Nordfjordeid.

Sagastad Vikingsenter på Nordfjordeid..
Senteret vart opna i 2019. Her vart vi  kjende med historia om vikingtida på Nordfjordeid
Hovud attraksjonen på senteret er Myklebustskipet på 30 meter. Skipet er ein modell og bygd etter restane av eit brend  vikingskip som vart funne i en gravhaug på garden Myklebust.
Ut frå funna som var gjore kunne dette være det største Vikingskipet en hadde funne spor av i Norge. I dei same gravhaugane vart det funne skjold,  våpen og mange andre bruksting frå den tida. Eit av funna var et stort bronsekar som opphaveleg har til høyrd ei kyrkje eller kloster og truleg plyndra frå vikingferd til Irland.
Vi fekk oppleve historia fortald av guiden, video om bygginga av skipet og deretter kunne  vi rusle omkring og betrakte det fantastiske byggverket.
Modellen av skipet er bygd av båtbyggjar Ottar Kåre Bjørkedal og medarbeidarane hans.

Etter omvisinga var det middag med kjøttkaker, dessert med kaffi på Magnifikk restaurant like ved vikingsenteret.  Etter en velsmakande middag og god prat var vi klare for heimreise.

På turen heim rakk vi også nedom Ryssfjæra i Gloppen kommune. I gamle dagar var det fjorden og sjøen som var vegen for transport av folk og fe.  Ryssfjæra låg lageleg til ved Nordfjorden og vart eit knutepunkt for jektene for all frakt av varer og post til og frå bygdene  langs fjorden.

Takk til alle som var med oss på denne opplevings rike turen i gods selskap med tidlegare kollegar.
Ikkje minst, takk til turkomiteen for god planlegging og gjennomføring!  

 

Kristian