Medlemsmøte 01.09.2026

Publisert av Kristian Strømmen den 06.09.26.

Telepensjonistane i Sogn og Fjordane.

 

Medlemsmøte tysdag 01.09.2026 i Peisestova/Førdehuset

Til stades:  Kjartan, Norodd, Kristian
Fråvær: John
Kopi av møteref. til Arild

 

Kjartan var møteleiar i John sitt fråvær.


Møtet vart opna med 1 minutt stillheit for å minast kong Harald V som gjekk bort fredag 28 august 2026.

Sak 1:
Opning med diverse innlegg frå styret.

Grunna ferie både sentralt og lokalt var det lite nytt under dette punktet.
Det var heller ingen spørsmål som hadde dukka opp i ferietida.

 

Sak 2: Tilbakeblikk på turen til Sandane og Nordfjordeid 11.06.2026
Kristian holt et innlegg frå turen og vist bilde. Bilda  og reisebrev frå turen ligg på heimesida vår. 
sognogfjordane@telepensjonistane.no

 

Tilbakemeldingar frå dei 35 deltakarar var at dette var ein svært vellukka tur, både det dei fekk sjå og historia for vart fortalde både på Sandane og Sagastaden/Nordfjordeid.

I etter kant vart det lagt opp diskusjon og synspunkt på korleis medlemane  ynskjer turane skal være i framtida.

Fellesturar, lange bussturar, kortare lokale turar, kostnadar, organisering mm………..
Nyttig diskusjon som må førast vidare i styret og turnemnda.

 


Sak 3 Verving av nye medlemmar
Norodd hadde laga eit oppsett omkring denne saka som han gjekk gjennom punktvis. Sjå vedlegg.

Medlemstalet er viktig for økonomien i laget. Mange gode forslag og her ber vi medlemmane være aktive og bidra.
Det mest konkrete forslaget var å lage liste over aktuelle kandidatar og sende invitasjon direkte til disse. Alle sender namn til Kristian for registrering.

 

Sak 4: Oktobermøte I Sogndal?

Arild Feet har no dialog med medlemane i Sogn om interesse og

emne for oktober møte i Sogndal
Verving av nye medlem vil også bli tema på dette møtet. Ref vedlegg

 

Sak 4: Evt

Kaffe, svaler og mykje god prat

 

Møtedeltakarar  15

Kristin ref