Telepensjonistane i Sogn og Fjordane.
Medlemsmøte Sogndal på Lægereid hotell 06.10.2026 kl 1100
Til stades: John Kjartan, Norodd, Arild og Kristian
Praksis har vore å ha et medlemsmøte for medlemane i Sogndals området en gong om året, Dette var då møtet for 2026. På møta kan deltakarar frå Førde delta om dei ynskjer det. Her var det med 2, Anders Aven og Svein Melheim. Frå Høyanger kom Aud Inger og Arne Hauge.
Sak 1: Opning med diverse innlegg frå styret.
John opna møter og ynskje dei 26 frammøtte velkomne.
Forfattaren Rune Timberlid som skulle ha hovud innlegget på møte, var blitt sjuk og kunne ikkje delta.
Vi fekk derfor ikkje høyre historia hans om korleis det var å vekse opp på telefonsentralen på Kaupanger, Slaget ved Fimreite og kanskje andre ting han kunne fortelje om.
John beklaga forfallet frå Rune, ynskte han god betring og velkomen til et seinare møte
Formann John presenterte vårt styret og korleis oppgåvene var fordelt i styret.
Viktige oppgåver
- verving av nye medlemmer er viktig for økonomien og støtta frå Telenor
- opplæring i bruken av Styreweb, medlemsregistrering, økonomisystem og redaktørar av
heimesidene på nettet.
_- SAKO konferanse og innspel til statsbudsjettet for 2027 og 2028.
Sak 2: Tilbakeblikk frå tidligare møter i Sogndal
Kristian hadde en kort gjennomgang av tidlegare møter i Sogndal
- Heibergske samlinger, Kaupanger 29.09.2016 (Sogn folkemuseum)
- Kaupanger/Vitensenteret 05.09.2023 (Framtidsfullmakt, disposisjonsrett til bankkonto, arv)
- Sogndal/Malin restaurant 17.10.24 (Digital svindel…)
Deretter en gjennomgang av siste turar:
- Lusterfjorden rundt 11.06. 2026
- Tur til Sandane og Nordfjordeid 11.06.2026 (Holvikejekta, Myklebustskipet og Ryssfjæra)
Sak 3: Økonomien i laget og verving av nye medlem
Norodd gikk gjennom postane i års budsjett og rekneskap pr 1 akt. 2026
Eigenkapital kr 80 868, 54. Budsjetter for 2026 er gjort opp med et underkot på kr 3400.
Verving: Norodd hadde laga eit oppsett omkring denne saka som han gjekk gjennom punktvis. Mange gode argumenter for å bli medlem i Telepensjonistane
Sak 4: Ymse (laust og fast)
Julelunsjen i Sogndal vert på Lægereid hotell onsdag 9 desember kl 1700
Morsamme forteljing av Arild, Kjartan og Noridd.
Stor takk til Elle som laga underhaldning med trekkspel og song
Kristian
ref