Medlemsmøte Telepensjonistlaget Sogn og Fjordane. Førdehuset 3. des 2026
Innleiing
John leia møte og ønskte vel møtt der 11 medlemmar deltok på møtet og orienterte om nytt frå forbundet. Førige møte var i Sogndal der 26 medlemmar deltok. Møtet var på Lægreid hotell og John fortalte om dei tema vi hadde på møtet
Dagunn Klakegg foredrag om Stølslivet i 1940
Dagunn har skrive ned ei historie om stølslivet i Naustdal. På møtet las Dagunn denne historia om korleis livet arta seg då ho som 11,5 år gammal jente tok del i stølslivet på Furehogstølen. Ho skildrar her korleis det var å ta ansvar, lære seg arbeidet, og gjennomføre dette og det sosiale livet på Stølen. Historia vekte interesse og vart kommentert og supplert av andre som hadde kunnskap om stølslivet frå denne epoken.
Julelunsj 2026
Grønseth orienterte om planer for Julelunsjen som blir som før på Sandic Sunnfjord hotell. John har hatt dialog med hotellet og torsdag 3. desember blei valt av styret. I Sogn har dei Julemiddag på Lægreid den 9. desember kl. 1700. Vi er enno ikkje kjent med plan for Nordfjord.
Vi møtast på Bartine kl. 1300 og julelunsj blir som før på Barthold. John utfordra alle til å kome med forslag/bidrag til historier og forslag til musikk for samværet.
Pris for medlem vert kr. 450,- og kr. 575,- for den som ikkje er medlem
Norodd sender invitasjon.
Økonomi og verving.
Norodd orienterte om økonomien og at talet på medlemar er viktig for drift av laget. Sidan møtet i september har vi no ei liste på nesten 30 personar som har vore i Telenor eller verksemder som har gått ut av Telenor. Det positive er at 4 av desse allereie er blitt medlem no i haust. Vi vil invitere til Julelunsj og samtidig er det fint om at vi alle pratar med gamle kollegaer om at vi har det kjekt i Telepensjonistlaget.
Innlegget til Dagunn på møtet
Stølsliv på Furehaugstølen i 1940.
Sommaren 1940, var mor mi gravid med det 5 barnet. Det var ikkje pengar
til stelsgjente, sà kven skulle dà gà pà stølen.
Valet fallt på meg som på det tidspunkt var 1l og eit halvt år.
Som den elste var eg van med å ta ansvar, så eg godtok at slik måtte det
vere. Heile våren låg eg i « hardtrening» med mjolking og eg lærde à
bruke seperatoren.
Ja eg gjekk inn i rolla som stølsgjente. Det omfatta at frå den dagen vi
reiste på stelen hadde ansvar for kyr mjelke- produkt.
Faredagen for vi til fjells med klevhhest, der var ingen veg, berre ein sti
og på hesteryggen iag seperatoren, mjøikebetter og spann, sengetøy, ved
til ovnen og sist men ikkje minst ein sekk med salta og turka sild.
Det siste var «busaltet», som skulle lokke kyrne til stølen til rett tid om
kvelden. Og kyrene var altid på plass, dei kom i mot meg når eg nar eg
nærma neg floren og dả forventa dei busalt.
Det som hjalp meg til å klare jobben var at buskapen var foldsvis liten.
Eg hugsa at bror min i si studietid , fleipa med at hans bakgrunn var
« gard med 4 kyr og ein hest»
Det var litt av ein prosess å etablere seg på stølen,Selet skulle vaskast
og det skulle hengast opp opp reine gardine. I den anledning måtte
ein hente vatn og fyre opp i ein heller motvilleg ovn. Askar og trebøtter
måtte skurast og vaskast med einelog. Det vil seie at vi skar greiner av
eine og slo kokande vatn over, det var den tids desinfiserings middel.
Eine brukte vi og til å pynte med. I uteselet, gangen, var det var det heller
i golvet , sả der pynta vi i sprekkene med små einekvister.
Det var viktig å ha det fint på stelen, bileta pả veggene sem som eg hadde
arva etter tidlegare stølsgjenter, var den tids store filmstjerner,
sansynlegvis utklipte frå Nynorsk Vekeblad. Eg hugsa godt Greta Garbo
i kvit papirramme festa til teømmerveggen med tegnesriftar.
Ja så var eg etablert på stølen. Men korleis var kvardagen for stølsgjenta?
Vi var ikkje på stølen om dagen men gjekk heim, ca 3 kvarter til ein times
veg. Difor såg døgnet omlag slik ut, eg gjekk på stølen i fem -seks tida
om ettermiddagen. Når eg kom dit venta kyrene på meg og dei var glade
både for busalt og for å bli mjølka. Etterpå skulle mjølka sepererast d.v.s.
at fløyta skulle skiljast frå mjølka. Detter måtte det varmast vatn på den
nokså gjenstridige ovnen for å fâ vaska mjslkekjørela og seperatoren.
Først då var det tid for kveldsmat.
Men samtidig skulle det vere hyggjeleg og sosialt å gả på stølen,
sả en skulle helst ha overskott til å sitje på på trappa med eit handarbeid
når dagens plikter var unnagjort, helst saman med stølsgjentene i nab0
sela. Budeia på nobostølen var ei frisk og fin gjente som virka som ein
magnet på gutane i grenda, den gongen heitte det å «gå på stølane»
i helga.
Ja ho fekk nok mange besøk, og sjølv om eg ikkje var direkte intresert,
så føite eg meg sonm eiieveäring, nokså utanfor.
Dessuten hadde eg lite overskott til handarbeid.
Neste morgon var det tidleg opp og i floren, og spesielt i dårleg ver, kunne
det vere bảde kaidt og vått.
Vi hadde knapt sko på oss heile sommaren og spesielt slike regntunge
morgonar, kunne det vere svært ubehageleg å stige berføtte ut i det våte
graset. Regntøy hadde vi aldri og viste vel knapt kva det var.
Elles var det omlag same ritualet som om kvelden, kyrene skulle mjølkast,
mjølka separerast og oppvasken måtte takast.
Dessuten var det vanleg at stølsgjentene hadde både hylkje på rygg
ryggen og eit mjøikespann i kvar hand nẩr dei gjekk frả
stølen. Skumma-mjølka som ein ikkje klarte å få med seg, vart
oppbevart i dertil eigna trekjerald.
Dessuten sette vi nokre gonger opp mjølk til rømmeask. Alt
dette foregjekk under eit vist tidspress, ein måte verte ferdig
slik at ein kunne gå heim saman med dei andre stølgjentene.
Eit høgdepunki på heimvegen var rasiepiassen på Rese,
der møtte vi stølsgjentene frå Instebøstølen. Men vi kunne
ikkje kvile lenge, vi måte skunde oss heim til slåtten eller andre gjere mål.
Førde 03.09.12
Dagunn Klakegg