Medlemsmøte 02.04.2024 Utstillingshallen/Førde

Medlemsmøte 02.04.2024 Utstillingshallen/Førde

Publisert av Kristian Strømmen den 06.04.24.

Telepensjonistane i Sogn og Fjordane.

 

Medlemsmøte 02.04.2024, Utstillingssalen Førdehuset

Til stades frå styret: : Kjell, Kristian 
Fråvær: Kjartan, John
Kopi av møteref. til Bjørg

I John sitt fråvær var det Kristian som leia møtet og yngste dei 26 frammøte velkomne til  møtet.

Sak 1: Digital svindel på nettet

Til dette foredraget hadde vi fått Iselin Sunde frå Sparebanken Sogn og Fjordane til å orientere om metodar som vert nytta. Ho hadde også med seg Siri Myklebust som ho jobba samen med i banken. Begge jobbar  med dette tema i banken.
Digital svindel er blitt eit stort samfunnsproblem og er en av dei hendelsane norske borgarar er mest bekymra for.

Felles for metodane som vert nytta går ut på å lure frå deg opplysningar slik at svindlaren kan få tilgang til pengane dine i banken.

Iselin gikk gjennom dei mest brukte metodane slik vi kjenner dei i dag

Svindel kan komme via SMS eller e-post (phishing)
Du mottek då ei tekstmelding eller e-post frå nokon som utgjer seg for å være frå banken din, Skatteetaten, BankID eller andre kjende selskap.
Du kan tru at dette er verkelege meldingar, men det er forsøk på å gi frå deg sensitive opplysningar som seinare kan misbrukast.

En anna metode er sokalla – OLGA svindel.
Denne svindel er målretta mot eldre og svindlaren kartlegg namn som tidlegare var populære, derav namnet OLGA.
Svindlaren utgjer seg for å være frå banken eller politiet. Dei opplyser om at det er tatt opp lån eller at det er oppdaga mistenkjeleg aktivitet på konto og kunden blir lurt til å gi frå seg bankopplysningar. Deretter logga svindlar seg inn i kunden sin nettbank og overfører pengar.

Investeringssvindel kor kunden vert kontakta av eit selskap ofte lokalisert i utlandet og tilbyr mogelegheiter for investering i selskap med høg avkastning. Styr unna !!
Kjærleiksvindel kor offeret vert kontakta på internett og svindlaren brukar tid på å bygge opp tillit. Snart kan det komme spørsmål om pengar til reise for besøk som plutseleg vert utsett grunna sjukdom i familien og deretter spørsmål om pengar til medisin …………….

Dette var nokre om metodane som vart nytta, men kreativiteten  på området er stort !!
Kristian overrekte blomster som takk for eit godt og nyttig foredrag !!
PS: Dei to frå banken sa seg villige til å delta på medlemsmøte i Sogndal med same foredrag. Dette kjem vi tilbake til.

            Sak 2:
Pensjonisttur til Kalvåg 13 juni 2024
Turen  har vore diskutert tidlegare både på medlemsmøte og styremøte.
Turen går som planlagt 13 juni med buss frå Firda Billag kl 0900. Fristar frå busselskapet og Knutholmen kan derfor bekreftast. Av dei frammøtte var det 25 som ville være med og minimum deltakartal på 30 vil bli oppnådd.  Deltakarpris vil bli sett opp med utgangspunkt i kr 10 000 sponsing og fiskesuppe/brød mm. Inngang til Torsheim galleriet må betalast av den enkelte.
Det er mulig å endre meny mot betaling av mellomlegget.

            John kallar inn til styremøte medio april og inviterer med turnemnda (utsending av invitasjon, pris mmm)

Sak 3: Ymse
Litt av kvart

Kristian ref