Medlemsmøte Sogndal/Kaupanger 05.09.2023

Medlemsmøte Sogndal/Kaupanger 05.09.2023

Publisert av Kristian Strømmen den 11.02.24. Oppdatert 11.03.24.

Telepensjonistane i Sogn og Fjordane.

 

Notat medlemsmøte Kaupanger torsdag 5 okt. 2023 kl 1100.

Frå styret deltok John, Bjørg og Kristian

Torsdag 05 oktober vart det igjen felles medlemsmøte for Telepensjonistane saman med kollegaer frå Sogndal og Lærdal. Det var 30 frammøtte, av disse kom  9 frå Førde/Florø.
3 nye medlem frå Sogndal melde seg inn i laget.

Sak 1: Opning
John, den  nye formannen ønskte alle hjarteleg velkomne til medlemsmøte og presenterte kort det nye styret. Han fortalde litt frå Landsmøtet i april som han og Kjartan deltok på. Telenor har dei seinare åra redusert støtta til pensjonistane. For 2024 vil tilskotet være på kr 600 000, en reduksjon på kr 100 000 frå 2023.

Medlemstalet er viktig for støtta !
Deretter litt om:

Hjelpemidlar – høyreapparat mm
Korleis kan vi fysisk gjere møta betre for alle ? Det er vanleg at høyrsel vert svekka når en vert eldre og det vert vanskelegare å oppfatte alt som vert sagt på møter ol. Her finnes gode løysingar. Ta kontakt med fastlegen din å få utført ein høyrselstest. Tilpassing av høyreapparat utførast av audiograf på sjukehuset. Det er gode trygdeordningar og du betalar kunn eigenandel.

 Sak2: Framtidsfullmakt

Kristian orienterte om tema  - kvifor, nytte, kva fullmakta kan innehalde, formalitetar, utfylling og iverksetting.
Mange spørsmål og nokre svar.   

Sak 3: Turar 2024
Mange god innspel. Viktig at turane vert organisert slik at dei vert tilgjengeleg for dei fleste. Innspel kan sendast tur nemnda ved Helge og Oddlaug.

Deretter var det tid for en god lunsj, med dessert og kaffi !!

Heidi Osland, en av arkitektane av Vitensenteret fortalte om korleis bygget vart til, kva som hadde inspirert dei ved utforming av bygget ute og inne, material val og funksjonane bygge skulle ha. Veldig interessant og stor takk til Heidi !

 

Takk til Bjørg for godt tilrettelagt møte !!

Kristian (ref)